SnillBie Økologisk Lynghonning

Bier og honning

Mennesket har truleg hausta honning frå biene heilt frå steinalderen. I pyramidane i Egypt har ein funne 5000 år gamle honningkrukker og Bibelen fortel i Det gamle testamentet om bier og honning.
SnillBie bier

Temming av ville bier

Det byrja med at våre forfedre tok honning frå ville bistammar som hadde slått seg ned i t.d. hole tre ute i skogen. Etterkvart “temde” ein biene og røkta dei i kubar, avla på gode stammar og fekk kunnskap om desse interessante insekta.


Birøkt SnillBie

Kubane er sett saman av fleire deler

Bikuben er sett saman av nokre lause deler, slik at røktaren skal komme til og gjera jobben sin. Nederst sit botnbrettet. Det har ei smal inngangsspalte for biene. Oppå står kassen med vokstavlene. Biene bygger sjølv denne strukturen med dei sekskanta kammera som dei fyller med pollen og honning. Røktaren må ofte setja på fleire kassar utover sommaren for at det skal vera nok plass til biene og nok lagringsplass til honningen. På toppen legg ein noko som isolerer og til slutt tak som held kuben tørr.



Bisamfunnet

I kvar kube er det berre ei dronning. Ho legg egg som utviklar seg til larver og pupper. I det vesle, velorganiserte samfunnet finn vi også dei andre biene. Alle har sine oppgåver; dronene som parar seg med dronninga. Vaktbiene beskytter samfunnet og arbeidsbiene steller i kuben og flyg ut og hentar heim pollen og nektar.

Honningen blir til

Innst inne i blomen ligg ein liten dråpe nektar som planten skil ut. Bia som kjem på besøk syg ut denne dråpen og inn i honningblæra si. For å fylla denne må bia besøka opp mot hundre blomar før ho returnerer til kuben. På ein god dag kan ei bie rekka opp til femten turar. Når me reknar at ein kube kan ha rundt tjue tusen bier som hentar nektar vil eit bisamfunn kunna dekka tretti millionar blomar på ein dag

Når bia returnerer til kuben gulpar ho opp nektaren som ho har samla. Då er han allereie i ferd med å bli omdanna til honning. Nedi bicellene fortset modninga og meir og meir av vatnet fordampar. Biene samlar også pollen på sine turar, ved hjelp av krumme hår på bakbeina. Dei held på pollenkorna. Pollen er ved sida av honningen mat for bisamfunnet, og vert lagra i eigne celler. Når røktaren tar bort honningen om hausten må han difor erstatta han med sukkeroppløysing slik at biene har mat gjennom vinteren.

SnillBie Bie foran kuben


Biene kommuniserer seg imellom om gode plassar å samla mat, m.a. ved å gje smaksprøvar til dei andre biene i kuben og oppføra ein dans som seier noko om retning og avstand til dei blomane bia vil anbefala. Biene bruker syn, luktesans og smak for å finna gode områder og plantar å syga nektar frå.

Utstyr

Birøktaren må kle seg rett. For å unngå at biene stikk ifører røktaren seg ein tett bidress. På hovudet nyttar ein hatt med bislør. Hanskar og støvlar beskyttar resten av kroppen. For å roe ned biene når ein arbeider med ein kube nyttar ein røyk frå ein røykpustar


Honning som lækjemiddel

Honning og andre bi-produkt har vore nytta som lækjemiddel til alle tider. Les gjerne meir om dette på sidene til Noregs Birøktarlag.

Meir om SnillBie:

Økologisk godkjend

SnillBie-eventyret

Produksjon og kvalitet

Snille bier

Her finn du alle SnillBie-produkta!