HONNINGPRODUKSJON HOS OSS

Dei som smaker Snill Bie Lynghonning vil kjenna han er fyldig og aromatisk. Dette er eit resultat av lyngkombinasjonen biene trekker på og omsorgsfull innhenting og bearbeiding.

0507151015081_kuber2
Kubane står plassert i områda der me ønskjer biene skal trekka

Det som skil vår lynghonning frå annan er kombinasjonen av nektar frå lyngsortane purpurlyng, klokkelyng og røsslyng. Purpurlyng finnes berre få stader i ytre strøk av Hordaland, samt enkelte stader i Rogaland. Smaken på lynghonningen kan for ein trent gane variera frå år til år, etter kor mykje nektar det er frå kvar av desse tre lyngsortane i honningen – ein kombinasjon som biene sjølv har oppskrifta på!

Biene våre vert røkta med stor omtanke og kunnskap. Slik legg me til rette for at dei skal leva godt og gjera jobben som fører til god honning i kubane.

Etter at biene har samla nok inn i kubane (omlag midten av september) hentar me honningen inn frå bi-gardane og tar han inn i produksjonslokala våre. Honningen blir då sett på tørkerom ei tid, for å sikre at vatninnhaldet blir rett. Deretter tek me honningen inn på slyngerommet, der honningen blir tatt ut av honningtavlene som biene har laga. Honningen blir deretter grovsilt, og finsilt. Deretter skal honningen setjast til modning. Han blir rørt kvar dag til han får rett konsistens. Til slutt blir han tappa på dei karakteristiske, sekskanta glaskrukkene som du kan kjøpa i butikk.

Lokala der lynghonningen blir foredla er godkjent av Mattilsynet, det same er alle materiale I produksjonsutstyret me nyttar. Me set dei strengaste krav til hygiene og kvalitet. Vår lynghonning er ikkje utsett for kunstige inngrep, som t.d. oppvarming eller fått noko form for tilsetting.

Slik framstiller og pakkar me eit produkt med den beste smak og av ein etterspurt kvalitet. Vår kundar består av apotek og helsekostbutikkar, torghandlarar, daglegvare- og gardsutsal.

0507131527483_tokrukker
Snill Bie honningkrukker kjem i to storleikar; 250gr og 500 gr.

Dei særeigne glaskrukkene me sel Snill Bie Lynghonning i har tatt si form frå cellene i kuben: sekskanta – og fulle av gylden honning! Dei er stilfulle og like godt eigna til eksklusive gåver som praktisk krukke på matbordet heime. Honningen har ein unik smak av Bømlo, der den nakne, forblåste kystlyngheia gir nektaren.

Snill Bie Lynghonning er eit 100% naturprodukt!

0903310004103_debio_edited-1