DEN SNILLE BIA…有機

Snill Bie er ei lita verksemd på Bømlo som produserer økologisk lynghonning. Ho er eigd og driven av Marianne og Jan Sigve Særsten.

Verksemda har røter tilbake til 1977 då konfirmasjonspengane til Jan Sigve vart investert i dei første biene og kubane. Seinare har verksemda vakse seg større, kube for kube. Slik ønskjer me det skal vera framover også, målet vårt er ikkje å verta så store som mogleg, men at kvaliteten på honningen skal vera den beste.

Framleis er det bokstaveleg talt ei bi-næring for oss, begge har arbeid ved sida av. Men me ønskjer etter kvart å få det som hovudnæring, og investerer i desse dagar i ny produksjons- og lagerbygning og moderne produksjonsutstyr.

Marianne arbeider mellom kubane ute på lyngheiane
Marianne arbeider mellom kubane ute på lyngheiane

Me ynskjer at alle som er interessert skal få innblikk i det vakre og nyttige samspelet mellom natur og menneske som birøkt er.

Snill Bie

– Det er jo fantastisk at dei små, arbeidsomme skapningane gir oss den gode honningen. – Navnet gjenspeilar eit ønskje om å avle fram snillare bi-stammer (av den lokale norske brunebia). Men mest av alt er det navnet på honningproduktet vårt! Me håper at det vert forbunde med noko godt, og at det er lett å hugse neste gong du er på jakt etter honning i butikken.