SNILL BIE TENKJER ØKOLOGISK

I juni 2008 vart honningproduksjonen hjå Snill Bie økologisk godkjend av Debio.

Litt om økologisk honning:

Den grunnleggjande tanken bak produksjon av økologisk honning, er å produsera sunn og rein honning – fri for alle slag av forureining!

– Men fyk ikkje biene kvar dei vil då? kan ein undra seg, – og kanskje til område som er sprøytt med plantegift, eller kunstgjødsel? Eller i område som er forureina av industri og motorvegar?

Svaret er at biene fyk kvar dei vil. Men bikubane (husa deira), er plasserte i eit område som ligg minst 3 km frå slik forureining. 3 km er langt over den strekninga biene fyk bort frå kubane sine.

I tillegg til dette er der ei lang rekkje krav som lyt oppfyllast. Godkjenningsorgana Debio og Mattilsynet ser nøye etter at dei økologiske krava blir følgt. Om hausten, etter at honningen er teken ut or kubane, får biene økologisk vinterfor. Dette i motsetnad til konvensjonell birøkt der ein brukar sukker.

All økologisk matproduksjon som er godkjent av Debio og Mattilsynet får lov å bruka godkjenningsmerket for økologisk mat.

Det særeigne med økologisk honning frå SnillBie, er at bikubane står på øyar med kystlynghei. Næraste nabo er storhavet – og villsauer. Her er ingen forureining frå industri eller plantegift frå landbruk.

Framtida er økologisk! Det er SnillBie også!

Ordforklaringar:

– Plantegift:

Ei gift som bonde og hage-eigarar brukar på plantene for at dei ikkje skal bli angripne av insekt eller plantesjukdomar. Høyrest kanskje smart ut, men den økologiske bonden synest dette er ein dum ide, fordi han veit at gifta kan drepe ein masse gode ting i jorda, samt slike nyttige dyr som edderkoppar og bier. Dessutan veit ein ikkje sikkert om sprøytinga er farleg for menneske. Der finnes ofte litt restar av gift i dei plantene som er blitt sprøyta. Det viser seg at det er langt fleire fuglar på økologisk dyrka jorder, noko ein trur skuldast at jorder sprøyta med plantegift har fått drepe insekt og smådyr som fuglane lever av.

– Kunstgjødsel:

Ei blanding av forskjellige stoff som plantene kan bruka for å få ein rask vekst. Den vanlege bonden brukar ofta kunstgjødsel saman med dyremøkk, som vert spreidd på jorda. Den økologiske bonden brukar berre møk frå dyr som gjødsel på jorda. Dette er også tryggare med tanke på våre drikkevatn-kjelder, som ligg under jorda. Kunstgjødsel kan samanliknast med ei vitaminpille som er kunstig laga. Me kan ikkje leva åleine av vitaminpiller – og den er heller ikkje så god som ei ekte gulrot.

– Økologi:

Kjem av det greske ordet ”oikos”, som tyder ”hus”, og ”logi”, som tyder ”læra om”. Rett fram tyder det då ”Læra om å halda hus”. I dag vert ordet økologi nytta om mat/dyr/jord som er produsert/halde/dyrka i samsvar med reglane til Debio og Mattilsynet.